Fredrik S. Heffermehl

Fredrik S. Heffermehl
Fødd11. november 1938
Rena
Død21. desember 2023
Åsgårdstrand
NasjonalitetNoreg
Yrkeadvokat, fredsaktivist, forfattar
Alma materNew York University
Universitetet i Oslo

Fredrik Stang Heffermehl (11. november 193821. desember 2023) var ein norsk jurist, forfattar og fredsaktivist som arbeidde for fred og nedrusting gjennom ei årrekkje.

Heffermehl var visepresident i Det internasjonale fredsbyrået (som mottok Nobels fredspris i 1910). Han var vidare ærespresident og tidlegare president i Noregs Fredsråd, og leiar av den internasjonale støttekomiteen for israeleren Mordechai Vanunu. Frå 1980 til 1982 var han den første generalsekretæren i Human-Etisk Forbund.

I 2007 tok han til orde for at Noreg burde trekkja seg ut av NATO. Grunngjevinga var at det var USA-amerikansk imperialisme og medlemskapen i NATO som førte Noreg inn i krigar mot fjerne land og folk.[1]

  1. «Norge og NATOs kriger». 16. desember 2007. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy